Piviar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Piviar (Contopus) er ei biologisk slekt av små sporvefuglar som er medlemmar av tyrannfamilien (Tyrannidae). Som gruppe er desse seksten artane utbreidde over det meste av dei amerikanske kontinenta, men har fråvære frå Chile og frå det meste av Argentina.
Remove ads
Etymologi
Slekta Contopus vart introdusert av den tyske ornitologen Jean Cabanis i 1855 med austpivi som typeart.[1] Slektsnamnet er ein kombinasjon av dei gammalgreske orda kontos «stong» eller «skaft» og pous «fot».[2]
Kjenneteikn
Fuglane i denne slekta er tyrannidear som varierer i storleik frå små (13 cm i lengd, t.d. nordtropepivi, kvitstrupepivi) til middels store (18 cm, t.d. storpivi og sotpivi), med mørkt og dempa fjørdrakt, i nyansar av brun, grå eller blågrå. Dei har vanlegvis raudaktige auge og litt lysare underside enn overside (strupe, bryst og buk), i grått eller mørkare tonar. Alle har ein diskret fjørtopp. Dei sit oftast oppreist på greiner i skogkantar, der dei raskt flyg ut for å fange insekt. Nokre artar er langdistansetrekkfuglar og forlèt hekkeområda i Nord-Amerika i løpet av den boreale vinteren, og dreg sørover til det sentrale Sør-Amerika.
Remove ads
Habitat og utbreiing
Mange av piviartane føretrekk opne eller halvopne skogsområde med tilgang til høge utkikkspunkt. Som insektetarar jaktar dei typisk ved å sitje på opne greiner og fange bytte i lufta. Dei er tilpassingsdyktige og kan utnytte både primærskog og menneskepåverka landskap. Habitatet deira strekkjer seg frå lågland til montane område, med artar som storpivien (C. pertinax) funne i høgder opp til 3000 meter.
Fire artar er trekkfuglar som hekkar i Nord-Amerika, to av dei så langt nord som i Alaska, tre av dei fire overvintrar i Sør-Amerika sør til sentrale Bolivia. Landistansetrekkfuglane er tilpassa og utnyttar eit breitt spekter av habitatpreferansar. Tolv artar er mest stasjonære, av dei er fire øyartar og to artar er avgrensa til Costa Rica og litt inn i vestlege Panama.
Artsoversyn
Slekt Contopus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert alle artane som livskraftige:[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads