Corvo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Corvo
Remove ads

Corvo (portugisisk Ilha do Corvo) er den minste og den nordlegaste av Asorane og den nordlegaste øya i Makaronesia. Ho har eit areal på 17,45 km² og har 384 innbyggjarar (2021) i ein eigen kommune med same namn. Kommunen er den minste i Portugal.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Geografi

Det høgaste punktet på Corvo er Morro dos Homens på 718 meter over havet og ligg sør for eit vulkankrater. Heile øya vart danna då ein vulkan kollapsa og danna ein kaldera. Krateret vert på øya kalla Caldeirão og er 300 meter djupt og har ein diameter på 2 km. Det er ofte dekt av dis.

Anna terreng på øya er åskledde skogar i aust og klipper i vest og i nord. Sjølve byen ligg sørvest på øya.

Historie

Øya vart oppdaga i 1452 av Diogo de Teive. Ho har sidan ho vart oppdaga vore knytt til Asorane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads