Koaer
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Koaer er store gaukar, for det meste bakkelevande, og alle endemiske for øya Madagaskar. Koa er fellesnemninga for alle medlemmer i den biologiske slekta Coua i gaukefamilien. Det er det gassiske namnet for ein gauk,[1] og er eit lydord.
Koaer kan minne om afrikanske turakoar når dei vandrar langs greiner, dei har likeeins fargerik berr hud rundt auga. Nokre liknar sporegaukar i måten dei tar seg fram blant villnis av plantar, medan tre artar rører seg mellom trekroner med glideflukter. Fire artar finst i regnskogane, medan dei attverande seks lever i dei tørre skogane på vestlege og sørlege Madagaskar.
Dei har store føter, og har ei reversibel tredje tå slik som alle gaukar har. Den lange tibiaen ymtar om eit tilhøve med dei tre Carpococcyx-gaukane i Asia, ei slekt med liknande hekkevanar. Difor dei er nokre gonger sameint i ein underfamilie Couinae.[2] Koaer byggjer eigne reir og legger kvite egg. Lætet er korte seriar av tonar med jamne mellomrom, nokre gongar svarar andre individ på ropa.
Remove ads
Artslista
Coua i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Kjempekoa, Coua gigas
- Sakalavakoa, Coua coquereli
- Raudbrystkoa, Coua serriana
- Raudpannekoa, Coua reynaudii
- Raudkronekoa, Coua ruficeps
- Løpekoa, Coua cursor
- Toppkoa, Coua cristata
- Småkoa, Coua verreauxi
- Blåkoa, Coua caerulea
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads