Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er det sekstande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i oktober 1989 av Elektra Records. Det vart produsert av Peter Asher og inneheld fleire duettar i lag med songaren Aaron Neville, som vann Grammyprisar, og fleire songar skrivne av Jimmy Webb og Karla Bonoff. Albumet selde over tre millionar eksemplar og selde til 3x platina i USA aleine. Det var òg ein stor suksess elles i verda.
Remove ads
Komposisjon
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er ei varierande samling av songar innan rock, R&B og pop. I tillegg inneheld albumet eit par balladar, mellom anna Jimmy Webb sin «Adios». Av dei tolv spora er fire av dei duettar mellom Ronstadt og Aaron Neville frå Neville Brothers. I tillegg spelte The Skywalker Symphony, blåserekkja i Tower of Power og Oakland Interfaith Gospel Choir på albumet. I tillegg til songar av Jimmy Webb og Karla Bonoff, er her songar av Brian Wilson, som var med og song og var arrangør på den 14. topp 10-hitten til Rontadt på Adult Contemporary-lista, «Adios». Andre arrangørar på albumet var Marty Paich, David Campbell, Jimmy Webb, Greg Adams og Terrance Kelly.
Remove ads
Mottaking
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind selde godt og singelen «Don't Know Much» gjekk til topps på singellista i USA, ein av duettane med Neville. «Don't Know Much» og «All My Life», ein annan stor hitt og duett med Neville, vann begge Grammyprisen i høvesvis 1990 og 1991 for beste popsong av ein duo eller ei gruppe. Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong i lag med Bette Midler, Bonnie Raitt, Gloria Estefan og Paula Abdul. Albumet nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og låg inne på lista i over eitt år.
Då albumet nådde Billboard Top 10 seint i 1989 vart Ronstadt den andre kvinna i historia som nådde topp 10 med ti album etter Barbra Streisand.
Remove ads
Innhald
Medverkande
Musikarar
- Linda Ronstadt – solo- og harmonivokal, korvokal (4)
- Aaron Neville – solo- og harmonivokal (3, 4, 5, 11)
- Jimmy Webb – akustisk piano (1), orkesterarrangement (6)
- Robbie Buchanan – klaverinstrument (1, 3, 4, 7, 10, 11, 12), orgel (2, 4)
- Don Grolnick – akustisk piano (2, 3, 5, 7-12), klaverinstrument (6)
- William D. «Smitty» Smith – elektrisk piano (4)
- Michael Landau – elektrisk gitar (1-9, 11, 12)
- Dean Parks – elektrisk gitar (1, 2, 4, 6-11)
- Andrew Gold – elektrisk gitar (3), 12-strengs elektrisk gitar (7), gitar (12)
- Leland Sklar – bass (1, 4, 5, 9, 12)
- David Hungate – bass (2, 3, 6, 8, 10, 11)
- Carlos Vega – trommer (1-6, 8-11)
- Russ Kunkel – trommer (7, 12)
- Michael Fisher – perkusjon (1, 5, 7, 9)
- Peter Asher – perkusjon (7)
- Tower of Power – blåsarar (11)
- Marty Paich – orkesterarrangement og dirigent (1, 2, 8, 10)
- Terrance Kelly – korarrangement og dirigent (2, 8, 9)
- David Campbell – orkesterarrangement (3, 5, 7, 12), dirigent (3-7, 11, 12)
- Greg Adams – orkesterarrangement (4, 11), blåsearrangement (11), dirigent (11)
- The Skywalker Symphony Orchestra – orkester (1-8, 10, 11, 12)
- Pavel Farkas – konsertmeister (1-8, 10, 11, 12)
- Rosemary Butler – ekstra korvokal (2), korvokal (4, 7)
- Oakland Interfaith Gospel Choir – kor (2, 8, 9)
- Jon Joyce – korvokal (4)
- Arnold McCuller – korvokal (4)
- Brian Wilson – korvokal (6), arrangement (6)
Produksjon
- Peter Asher – produsent
- Steve Tyrell – co-produsent (spor 5)
- George Massenburg – innspeling og miksing
- Frank Wolf – ekstra lydteknikar
- Bob Edwards – assisterande lydteknikar
- Sharon Rice – assisterande lydteknikar
- Mike Ross – assisterande lydteknikar
- Jim Schelter – assisterande lydteknikar
- Ivy Skoff – produksjonskoordinasjon
- John Kosh – kunstnarisk leiar, design
- Robert Blakeman – fotografi
- Cathy Kerr – personleg assistent
- Janet Stark – personleg assistent
- Charles Barber – assistent for Marty Paich
- Jeff Beal – orkester-koordinator
- Greg Sudmeier – orkester-koordinator
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads