Dør
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dør (av norrønt fleirtal dyr(r)) er ei innretning som gjer at ein kan opna og lukka for ei opning, som ei døropning eller eit møbel. Dørblad, den delen av ei dør som er rørleg, er ofte montert i ein dørkarm. Dei fleste dørblad er festa langs ei langside og svinger opp og att, gjerne ved hjelp av hengsler. Andre dørblad kan gli sidelengs.

Ein finn dører i bygningar, fartøy, køyretøy og andre gjenstandar eller byggverk der ein treng ei lukkbar opning. Dører kan vera laga av materiale som tre, metall, glas, plast og liknande. Ofte har dei dørhandtak som hjelper til å opna og lukka døra, og dei kan også ha lås eller slå. Nokre dører kan minna litt om vindauge, og større vindauge kan også brukast som dører.
Remove ads
Historie

Det finst spor etter dører heilt tilbake til oldtida. Dei tidlegaste formene for dører bestod av ei enkel plate av eit stort materiale som stein eller tre som blei utnytta til å stengja ei opning. Denne forma for dør var ikkje hengsla, og innebar at heile plata blei flytta til ein annan stad før ein kunne gå gjennom. Dette prinsippet finst i ei meir avansert form den dag i dag, skyvedørar byggjer på same prinsipp.
Svært gamle egyptiske veggmåleri skildrar dei tidlegaste formene for hengsla dører. Dette var enkle dører konstruert av treverk, hengsla med enkle formar for hengsler laga av tau eller lêr.
Dører har hatt mykje å seie for utvikling og bygging av bygningar og andre konstruksjonar med behov for gjennomstiging, både arkitektoniske og ingeniørmessig.
Remove ads
Ulike typar dører
![]() |
SkyvedørerSkyvedør er ei dør som ikkje er hengsla, men som kan opnast og lukkast ved at ein skyv døra horisontal langs glideskjener. Skyvedører er brukt på heisar, garderobeskap, varebilar og andre køyretøy eller innganger til butikkar, kjøpesenter og mange andre kommersielle bygg, offentlege institusjonar og liknande. |
Remove ads
Biletdøme
- Tredør i rumensk kyrkje.
- Bronsedør i Umajjademoskeen i Damaskus.
- Dekorert dør i Jogyesa i Seoul.
- Raud dør i Drepung-klosteret i Tibet.
- Todelt dør i Fränkisches Freilandmuseum i Bad Windsheim, der overdelen kan fungera som vindauge.
- Tredør med glasvindauge i Sachsen-Anhalt.
- Automatisk glasdør.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Door» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2013.
- dør – åpning i vegg i Store norske leksikon, SNL.no
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads