Dante Alighieri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dante Alighieri
Remove ads

Dante Alighieri (12651321) var ein italiensk forfattar frå mellomalderen. Han er kjend berre som Dante, og for å ha skrive Den guddomlege komedien (La Divina Commedia). Verket er rekna som eit høgdepunkt innan verdslitteraturen og litteratur i mellomalderen. Eit grunnlag for eit moderne italiensk språk vart lagd i og med verket.

Kjappe fakta
Thumb
Dante Alighieri og den guddomlege komedien. Måleri frå 1465 av Domenico di Michelino

Dante Alighieri vart fødd i Firenze. Firenze var byen han skulle sjå som «heime» resten av livet, og byen spela ei stor rolle i forfattarskapet. Han studerte grammatikk, retorikk, skolastisk logikk og teologi. Han lærde seg å skriva bra, og han studerte og las flittig det som var av anerkjend litteratur på den tida. I 1283 debuterte han som diktar med ei sonette, som han sende rundt til dei kjende diktarane i Firenze. Då var han 18 år gamal. Sonetten skulle seinare verta det første diktet i diktsamlinga Vita Nuova, som tyder nytt liv. Dette verket var det første av Dante sine større verk. Dei første tekstane hans var i stor grad kjærleiksdikt, mellom anna skreiv han eit hyllingsdikt til «dei 60 venaste kvinnene i Paris». Denne perioden av Dante si dikting vara fram til han vart meir oppteken av politikk enn dikting.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dante Alighieri
Wikisource har original tekst som gjeld Dante Alighieri
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads