Darsjan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Darsjan
Remove ads

Darsjan (sanskrit for 'syn, openberring') er eit hinduisk omgrep som inneber innsikt i eg-et. Det blir særleg brukt i samband med det å møta blikket til ein heilag person eller eit gudebilde, noko som medfører at ein blir signa.

Thumb
Statuar av Jagannath, Baladev og Subadra pynta med klede og smykke, men med tydelege auge.

Ettersom blikket til ein heilag figur er rekna som så viktig, blir auga til gudestatuar aldri dekte til, sjølv om statuen elles kan overlessast med klede og blomar.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads