Darwin i Australia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Darwin er hovudstaden og den største byen i Nordterritoriet i Australia, med 148 564 innbyggjarar (est. 2018). Byen ligg ved nordkysten av Australia, og har tropisk klima. Han er utsett for tropisk tordenvêr og syklonar; mykje av byen blei øydelagd av syklonen Tracy i 1974.
Remove ads
Han ligg ved Clarencesundet som går mellom det australske fastlandet og Melvilleøya i Timorsjøen.
Byen er kalla opp etter den britiske naturforskaren Charles Darwin. I perioden 1869–1911 blei han kalla Palmerston. Palmerston er òg namnet på ei drabantby som har vokse fram frå 1980-talet rundt 20 km sør for Darwin.
Folkesetnaden i Darwin har størst del aboriginarar av australske hovudstader, og ein relativt stor del er innvandrar frå Sør- og Aust-Asia. Darwin er ein viktig hamn, særleg for eksport av sau og storfe, og av mineral.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads