David Livingstone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David Livingstone (fødd 19. mars 1813 i Blantyre ved Glasgow i Skottland, død 1. mai 1873 i Chitambo ved Bangweulusjøen) var ein skotsk misjonær og afrikaforskar.

Sitatet «Dr. Livingstone, I presume?» (Dr. Livingstone, formodar eg?) skriv seg frå då oppdagaren Henry Morton Stanley etter lang tid med leiting trefte på Livingstone i 1871 i Ujiji ved Tanganyikasjøen.
Stanley klarte ikkje å overtale Livingstone til å reise heim til Storbritannia saman med han. David Livingstone døydde to år etter. Lokalbefolkninga gravla hjarte hans i Afrika, etter Livingstone sitt eige ynskje. Dei øvrige jordiske leivningane frå han vart tekne til England og gravlagt i Westminister Abbey i London.

Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads