Davissundet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Davissundet
Remove ads

Davissundet (dansk Davisstrædet, engelsk Davis Strait) er sundet mellom det sørvestlege Grønland og Baffinøya i Canada. Det er mellom 290 og 650 km breitt, og knyter Labradorhavet i sør med Baffinbukta i nord. Grenselinja mot Labradorhavet er sett ved 60° N og mot Baffinbukta ved 70° N.

Kjappe fakta Land ...
Remove ads

Langs den vestlege delen av Davissundet går ein arktisk havstraum som fører isfjell mot sør. Danninga av havisen i Davissundet, vestisen, tek til sist i oktober månad i den nordvestlege delen av Baffinbukta. I løpet av november dekker havisen, frå 50 til 150 cm tjukk, det meste av Baffinbukta og den vestlege delen av Davissundet. I den austlege delen av Davissundet går ein nordgåande varmare havstraum frå Atlanterhavet opp langs den grønlandske vestkysten, som hjelper til å halde denne delen av isfri til utpå vinteren. Dette fører til at vestkysten av Grønland er lengre isfri og meir eigna for busetjing enn den grønlandske austkysten.

I dei austlege og grunnare delane av Davissundet har rike fiskeri føregått i fleire hundreår. Også norske fiskarar har sidan 1920-åra delteke i fisket etter særleg torsk og, i mindre målestokk, etter reker.

Davissundet har namn etter den engelske sjøfararen John Davis, som kom til Davissundet med skipet sitt for fyrste gongen i 1585.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads