Davit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Davit
Remove ads

Davit er ein krantype som heng over ein kant for å heise gjenstandar opp til og ned frå denne kanten. Ein finn dei ofte brukt i samband med sjøfart, både om bord på båtar og på kaianlegg. Ordet «davit» kjem frå engelsk avleidd frå David.

Thumb
Jolle festa i davitar.
Thumb
Teikning av to davitar som kan brukast til å heisa ein båt opp og ned frå vatnet.

Davitar er vanlege om bord på skip der dei først og fremst er plassert i par som held fast livbåtar, og som kan senke dei ned til sjøen når dei skal brukast. Davitane som vert brukt til livbåtar vert vanlegvis ikkje nytta til andre ting, medan ein gjerne har andre davitar til å heise til dømes anker og last.

Ein ankerdavit er ein liten davit som ligg heilt framme på eit skip, og vert nytta til å bringe ankeret inn på bakken i surrestilling.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Davit
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads