De norske Bokklubbene

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

De norske Bokklubbene AS er eit konsern som sidan 1963 har selt bøker ved å sende dei i posten til kundar som hadde meldt seg inn som medlemmar. Til konsernet høyrer òg nettbokhandlane bokklubben.no og bokkilden.no, som tek mot tingingar over internett. Eigarar av konsernet er dei fire forlaga Gyldendal Norsk Forlag (48,5%), Aschehoug & Co. (45,5%), Forlaget Oktober (3%) og Pax (3%). Utvalet av bøker som vert selde, er ikkje avgrensa til kva desse forlaga kan tilby.

Remove ads

Historie

Den norske Bokklubben blei grunnlagd 1. september 1963 av forlaga Gyldendal, Aschehoug, Tiden og Cappelen. Klubben skulle i første rekke gje ut igjen kjende bøker. Den første boka selskapet gav ut var Den gode jord av Pearl S. Buck. Ni månader etter grunnlegginga hadde selskapet over 15 000 medlemmer.

Bokklubbane

  • Den norske — eldre og nyare klassikarar
  • Nye Bøker — nyare samtidsromanar
  • Krim og Spenningkrim
  • Lydbøkerlydbøker for vaksne
  • Barnbøker for barn
  • Barnas Lydbøker — lydbøker for barn
  • Ungdombøker for ungdommar
  • Lyrikk
  • Villmarksliv
  • Kunnskap og Kultur — fakta- og fagbøker
  • Mat og Vinglede
  • Kunst og Interiør
  • Jobb og Ledelse
  • Kursiv — bøker for homofile

Etter kvart er talet på bokklubbar vorte redusert til desse åtte:

  • Den norske Bokklubben
  • Bokklubben Ungdom
  • Bokklubben Barn
  • Bokklubben Fakta
  • Bokklubben Lydbøker
  • Bokklubben Nye Bøker
  • Bokklubben Villmarksliv
  • Krim og Spenning
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads