Dee i Aberdeenshire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dee (skotsk-gælisk Uisge Dè) er ei elv i Aberdeenshire i Skottland. Elva spring ut i Cairngorms og renn gjennom Strathdee (Deeside) på veg mot Nordsjøen ved Aberdeen. Namnet er dokumentert heilt tilbake til 100-talet e.Kr., i verket til geografen Ptolemaios som Δηοῦα (Deva), som tyder 'gudinne', noko som indikerer at elva hadde guddommeleg status i trua til innbyggjarane som budde her då. Det er fleire andre elvar med same namnet i Storbritannia som har same opphav.
Elva renn gjennom mellom anna Braemar, Ballater, Aboyne og Banchory, før ho munnar ut i Nordsjøen gjennom hamna i Aberdeen. Det vart bygd ein kunstig kanal i 1872 for å utbetre hamna, som er det største marinesenteret i Europa for offshoreindustrien i Nordsjøen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «River Dee, Aberdeenshire» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads