Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976) er eit samlealbum av Queen med songar frå 1973 til 1976. I motsetnad til andre samlingar av Queen, inneheld Deep Cuts songar som ikkje nødvendigvis var hittar. Albumet vart gjeve ut 14. mars 2011 i samband med 40-årsjubileet til Queen. Deep Cuts Volume 1 kom ut samstundes med nyutgjevinga av dei fem første Queen-albuma (Queen, Queen II, Sheer Heart Attack, A Night at the Opera, A Day at the Races). Songane var alle personlege favorittar som ikkje var hittar, valde ut av Brian May, Roger Taylor og Taylor Hawkins (trommeslagaren i Foo Fighters). Det er den einaste utgjevinga som inneheld den komplette slutten av «The March of The Black Queen» (på Queen II glir han over i «Funny How Love Is») og «Ogre Battle» (på Queen II glir han over «The Fairy Feller's Master-Stroke»). Dei tre songane «Tenement Funster», «Flick of the Wrist» og «Lily of the Valley» glir alle over i kvarandre slik dei gjorde på Sheer Heart Attack.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Freddie Mercury: solo- og korvokal, piano.
- Brian May: gitarar, solovokal på «39», «Long Away» og «Good Company», vokal på mellomspel på «Keep Yourself Alive», korvokal, ukulele, bjølle.
- Roger Taylor: trommer, perkusjon, solovokal på «Tenement Funster» og «I'm in Love with My Car», vokallinje på «The March of the Black Queen», vokal på mellomspel på «Keep Yourself Alive».
- John Deacon: bassgitar, akustisk gitar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads