Den angelsaksiske krønika

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den angelsaksiske krønika
Remove ads

Den angelsaksiske krønika er ei manuskriptsamling som gjev eit historisk oversyn og samtidige nedteikningar om viktige hendingar i England frå år 60 f.Kr. til 1154. Krønikeskrivinga byrja under kong Alfred (871–899), og blei oppdatert på forskjellige stader fram til midten av 1100-talet. Den angelsaksiske krønika er både det første større verket på gammalengelsk prosa og det første samanhengjande historieverket på eit vesteuropeisk folkespråk.

Thumb
Opphavsstadene (gult) og dei noverande tilhaldsstadene (grønt) til dei ulike utgåvene av Den angelsaksiske krønika.
Thumb
Førstesida av Peterborough-krønika.

Ni utgåver eller fragment av Den angelsaksiske krønika har overlevd fram til våre dagar. Sju av desse er ulike originalversjonar og to er kopiar. Den eldste er Parker-krønika, som har namn etter den tidlegare eigaren Matthew Parker. Denne krønika er no ved Corpus Christi College i Cambridge. To er ved Bodleian Library i Oxford, medan British Museum i London eig resten.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads