Den greske borgarkrigen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den greske borgarkrigen
Remove ads

Den greske borgarkrigen (gresk Ελληνικός εμφύλιος πόλεμος) vart i hovudsak utkjempa mellom 1946 og 1949, og var det første dømet på kommunistopprør etter den andre verdskrigen. Sigeren til dei greske antikommunistiske styrkane førte til Hellas sitt medlemskap i NATO og var med på å definere ein ideologisk maktbalanse i Egearhavet under heile den kalde krigen.

Kjappe fakta Dato, Stad ...

På den eine sida av borgarkrigen stod væpna styrkar frå den konservative greske etterkrigsadministrasjonen, og på den andre sida venstreorienterte og kommunstiske styrkar. Dette inkluderte viktige medlemmer av den største antinazistiske motstandsorganisasjonen (ELAS), under leiing av Kommunistpartiet i Hellas (KKE), og andre personar knytte til venstresida, men som ikkje nødvendigvis var kommunistar.

Den første fasen i borgarkrigen tok form i 1942-1944. Venstresida og høgresida av motstandsrørsla kjempa mot kvarandre for å få styringa over den greske motstandsrørsla. I den andre fasen (1944) vart kommunistane, som hadde militær kontroll over mesteparten av Hellas, møtt av britiske styrkar og styrkar frå den greske regjeringa som kom tilbake frå eksil, og som hadde vorte danna med vern frå vestlege allierte i Kairo. I den tredje fasen (vanlegvis kalla «Tredje runde» av kommunistane), 1946-1949, kjempa ei sentrums- og høgreorientert koalisjonsregjering, vald under unormale forhold, mot væpna styrkar kontrollerte av Kommunistpartiet i Hellas.

Borgarkrigen førte til ei politisk polarisering i Hellas, som vart ein alliert av USA og ein medlem av NATO, medan forholdet til dei sovjet-allierte naboane i nord vart meir spent.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den greske borgarkrigen


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads