Det indiske subkontinentet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det indiske subkontinentet
Remove ads

Det indiske subkontinentet er ei stor halvøy på det eurasiske kontinent som ligg på den indiske plata og ut i Indiahavet. Den politiske og kulturelle regionen Sør-Asia dekker subkontinentet, men er noko større.

Thumb
Det indiske subkontinentet i verda
Thumb
Satellittbilete av subkontinentet.

Den indiske plata var opphavleg eit frittståande kontinent som skilde lag frå Madagaskar for rundt 90 millionar år sidan og dreiv langsamt mot Asia. Det møtte den eurasiske plata for mellom 50 og 55 millionar år sidan, eit møte som skapte det tibetanske platået og fjellkjeda Himalaya. Den indiske plata driv framleis nordaustover med ein fart på fem cm i året. Sidan den eurasiske plata berre driv nordover med farten to cm i året, blir Himalaya-fjella framleis pressa høgare.

Av landa som høyrer til subkontinentet ligg Bhutan, India, Nepal, delar av Afghanistan, Bangladesh og Pakistanjordskorpa, øyar som Sri Lanka ligg på kontinentalsokkelen, medan øygrupper som Maldivane ligg på havbotnplata.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads