Den russiske føderasjonens kommunistiske parti

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den russiske føderasjonens kommunistiske parti
Remove ads

Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (russisk Коммунистическая партия Российской Федерации, Kommunistitsjeskaja partija Rossijskoj Federatsii, KPRF) er eit politisk parti i Russland. Det vart stifta i 1990 som ei samanslutning av medlemer i Sovjetunionens kommunistiske parti i den russiske føderasjonen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart KPRF i realiteten det sovjetiske kommunistpartiet sin etterfylgjar. Det har sidan vore eit av dei største partia i Russland, og eit av dei få som har ein reell landsdekkjande partiorganisasjon, men har aldri sete ved makta. Leiaren sidan 1993 er Gennadij Ziuganov. Ved det siste russiske parlamentsvalet, i 2007, vart KPRF det nest største partiet med 11,6 % av røystene, men partiet kravde, saman med andre opposisjonsparti, at dette valet skulle underkjennast som udemokratisk. Ved det russiske presidentvalet, i 2004 var KPRF sin kandidat Nikolaj Kharitonov som fekk 13,7 % av røystene. I 2008 fekk Ziuganov 17,8 prosent.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Thumb
КПРФ (01.05.2009)
Remove ads

Valresultat for KPRF

Meir informasjon Årstal, Prosent av stemmene ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den russiske føderasjonens kommunistiske parti


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads