Den sovjetiske antarktisekspedisjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (SAE eller SovAE, russisk Советская антарктическая экспедиция, САЭ, Sovjetskaja antarktitsjeskaja ekspeditzija) var ein del av Arktisk og Antarktisk Forskingsinstitutt i Den sovjetiske komiteen for antarktiskforsking hos Det sovjetiske vitskapsakademiet.

Sjøfartsdepartementet i Sovjetunionen var ansvarleg for leiinga, logistikken og forsyninga til ekspedisjonane.
Den første sovjetiske kontakten med Antarktis var i januar 1947 då kvalbåtflåten Slava byrja med kvalfangst i Sørishavet.
Remove ads
Stasjonar
Den første sovjetiske stasjonen i Antarktis, Mirny, vart oppretta nær kysten den 13. februar 1956. I desember 1957 vart ein ny stasjon, Vostok bygt i dei indre områda nær den sørlege geomagnetiske polen.
Årskontinuerlege stasjonar
- Mirny (oppretta 13. februar 1956)
- Vostok (oppretta 16. desember 1957)
- Novolazarevskaya (oppretta 18. januar 1961)
- Molodyozhnaya (oppretta 14. januar 1963)
- Bellingshausen (oppretta 22. februar 1968)
- Leningradskaya (oppretta 25. februar 1971)
- Russkaya (oppretta 9. mars 1980)
- Progress (oppretta 1. april 1988)
Sommarstasjonar
- Komsomolskaja (oppretta 6. november 1957)
- Pionerskaya (established May 27, 1956)
- Druzjnaja I (på Filchnerisen i Weddellhavet)
- Druzjnaja II (ved Weddellhavet)
IGY-stasjonar
Stasjonar i bruk under Det internasjonale geofysiske året.
- Sovetskaja
- Den utilgjengelege pol-stasjonen
Remove ads
Ekspedisjonar
Sovjetunionen dreiv ekspedisjonar til Antarktis frå 1955 til oppløysinga. Etter dette vart dei sovjetiske stasjonane i Antarktis teken over av Russland.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads