René Descartes

From Wikipedia, the free encyclopedia

René Descartes
Remove ads

René Descartes (31. mars 159611. februar 1650) var ein fransk filosof, matematikar og skrivar. Descartes var den første til å namne punkt i eit kartesiske koordinatsystem med bokstavar.[1]

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
René Descartes i samtale med dronning Kristina av Sverige.

René Descartes vart fødd i La Haye (i dag kalla Descartes) nær Tours i Frankrike.

Hausten 1649 blei Descartes kalla til Sverige for å undervise den 23 år gamle dronning Kristina. Matematikk-timane til den svenske dronninga byrja så tidleg som klokka 5 kvar morgon. Descartes si helse tolte ikkje det svenske vinterklimaet, og han fekk lungebetennelse og døydde alt i februar 1650.[2]

Remove ads

Dualisme

René Descartes er kjend for sitatet «eg tenkjer, altså er eg» som er utgangspunktet for idéen hans om dualisme.[3] Dualisme innebar at menneske bestod av to åtskilde substansar: det materielle og det tenkjande. Kroppen, inkludert hjernen, var ein utstrakt materiell substans, medan eins tankar og opplevingar (eget) var ein tenkjande ikkje-materiell substans.[4] Kroppen var eit ufritt lekam som fungerte på bakgrunn av mekaniske prinsipp. Til forskjell frå den materielle substansen, kunne ikkje den tenkjande substansen delast, målast eller bryte naturlover, difor bestod menneske av to substansar.

Ein måtte ha abstrakt logisk tenkning for å ha eit eg (den tenkjande substansen). Descartes meinte dyr berre var mekanisk konfigurerte kroppar som berre var styrt av instinkt, dermed hadde dei korgje ein sjel eller ein tenkjande substans.[5]

Draumargumentet

Descartes var skeptisk til at det menneske sansa ikkje kunne vere noko anna enn ein draum som genererte liva våre.[6] Han tvila på sansane sine, og freista å hugse draumane sine, der innsåg han at han hadde feilaktig blitt overtydd om at han var vaken. Det var ikkje ei sjølvmotseiing å forestille seg at livet var ein draum og at materielle substansar ikkje eksisterte. Difor var alt det menneske sansa berre ein draum.

I dag er det nesten ingen filosofar som definerer seg som dualistar.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads