Det georgiske alfabetet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Det georgiske alfabetet blir brukt til å skriva georgisk og nokre få andre kaukasiske språk, som mingrelsk. Det blei også brukt til å skriva ossetisk og abkhasisk på 1940-talet.

Kjappe fakta Type, Periode ...

Dagens alfabet har 33 bokstavar. Ein handfull andre var i bruk tidlegare, men har gått ut av bruk. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.

Alfabetet er kjent sidan 400-talet, men har uklart opphav. Nokre teikn liknar greske skriftteikn, medan andre kan ha andre opphav. I følgje dei tradisjonelle sogene som vart skrive ned av Leonti Mroveli på 1000-talet, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr.

Det finst tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå kvarandre at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla asomtavruli (majusklar), nuskhuri (minusklar) og dagens mkhedruli, som ikkje har forskjell mellom store og små bokstavar.

Asomtavruli-alfabetet, også kjend som mrgvlovani ('avrunda'), finst i inskripsjonar frå 400-talet, som i den georgiske kyrkja i Betlehem frå om lag 430, medan visse arkeologiske funn an vera endå eldre. Nuskhuri, også kjend som kutkhovani ('firkanta') dukka opp på 800-talet. Dei to alfabeta blei brukte saman i religiøse tekstar, der dei avrunda asomtavruli-bokstavane blei brukte som majusklar. Saman var dei kjend som khutsuri, 'kyrkjeskrift'.

Det moderne alfabetet, mkhedruli ('sekulær' eller 'militær skrift'), dukka opp på 1000-talet og blei først brukt til ikkje-religiøse tekstar. Det erstatta kyrkjeskrifta heilt på 1700-talet.

Remove ads

Alfabetet

Oversyn over alfabetet (blå bakgrunn tyder at bokstaven er ute or bruk).

Meir informasjon Bokstavar ...

Transkripsjon av det georgiske alfabetet:

Meir informasjon Bokstav, Unicode ...
1Ikkje offisiell, men basert på IPA-lydskrift og vanleg transkripsjon av andre språk.
2Den vanlegaste måten å gjera skil på desse konsonantpara (minus q, som berre finst i ejektiv form) ved transkripsjon er å setja eit '-teikn etter anten dei teikna som representerer ein ejektiv konsonant, eller dei som ikkje gjer det.
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads