Detlef Michel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Detlef Michel
Remove ads

Detlef Michel (fødd 13. oktober 1955) er ein tysk, tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin, som tevla i spydkast for DDR og Berlin SC. Han vart verdsmeister i øvinga i 1983, og tok to EM-medaljar; ein sølvmedaljen i 1986 og ein bronsemedalje i 1982. Michel er 184 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på kring 93 kg.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Michel vart austtysk meister i spydkast sju gongar: 1975, 1979, 1980, 1982, 1983, 1986 og 1987. Han deltok i friidretts-VM 1978 og vart nummer fire. To år seinare mislukkast han å kvalifisere seg til spydkastfinalen under OL i Moskva. Under europameisterskapen i 1982 vann han si fyrste EM-medalje, sjølv fekk han bronse då landsmannen Uwe Hohn vart europameister. Året etter vart Michel verdsmeister i Helsingfors, med eit kast på 89,48 meter var han nærare fire meter føre dei andre medaljevinnarane.

Grunna boikott deltok ikkje Aust-Tyskland i sommar-OL 1984, derimot tok Michel sølvmedaljen under EM i friidrett 1986. Han deltok i sommar-OL 1988, men kom ikkje til finalen. Michel la opp som spydkastar i 1990.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads