Didier Drogba
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Didier Yves Drogba Tébily (fødd 11. mars 1978) er ein ivoriansk fotballspelar som har spelt for Chelsea FC sidan 2004.
Remove ads
Karriere
Didier Drogba vart fødd i Abidjan, men vart sendt til Frankrike som femåring for å bu med ein onkel som også var profesjonell fotballspelar. På grunn av heimlengt vart Didier sendt heim att til Abidjan etter tre år, men då begge foreldra vart arbeidslause, vart han sendt attende til onkelen i Frankrike. Det var i Frankrike han tok til å spela profesjonell fotball. Han starta i Levallois og heldt fram i Le Mans FC, der han tok til å spela for fyrstelaget i 1998. Han spelte for både Guingamp og Marseille før han enda opp i engelske Chelsea i 2004. Han var toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen, med 29 seriemål.
Sjølv om han har vakse opp delvis i Frankrike, har Drogba alltid spelt på landslaget til heimlandet Elfenbeinskysten. Han kom med på landslaget fyrste gong i 2002. Mellom anna har han delteke i fleire Afrikameisterskapar i fotball, og han var med då Elfenbeinskysten kvalifiserte seg til Fotball-VM for fyrste gong i 2006 i Tyskland. I denne meisterskapen skåra han i ein kamp mot Argentina, som Elfenbeinskysten til slutt tapte. Han spelte også under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika; her skåra han mot Brasil i ein kamp som motstandaren vann 3 - 1.
Remove ads
Personleg liv
Drogba er gift med Diakité Lalla frå Mali, og dei har tre born i lag. Drogba har også utmerka seg ved å donera pengar til veldedige føremål. Han er utnemnd til ambassadør av FN sitt utviklingsprogram, og han har donert 3 millionar pund til å oppretta eit sjukehus i Abidjan.
Kjelder
- Engelsk Wikipedia om Drogba.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads