Die Entführung aus dem Serail

From Wikipedia, the free encyclopedia

Die Entführung aus dem Serail
Remove ads

Die Entführung aus dem Serail (K. 384; Bortføringa frå seraiet; òg kjend som Il Seraglio) er ein opera eller syngespel i tre akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Den tyske librettoen er av Christoph Friedrich Bretzner med tilpassingar av Gottlieb Stephanie. Handlinga omhandlar eit forsøk av helten Belmonte, med hjelp av tenaren sin Pedrillo, på å redde kjærasten Konstanze frå seraiet til pasja Selim.

Thumb
Mozart (i midten) ser på ei framføring av Die Entführung aus dem Serail i Berlin i 1789.
Kjappe fakta Sjanger, Periode ...
Remove ads

Opphav

Selskapet som først betalte for operaen var Nationalsingspiel, eit prosjekt under den austerrikske keisaren Josef II. Keisaren hadde sett opp selskapet for å framføre verk på tysk på ei tid då italienske operaer alt var populære i Wien. Dette prosjektet vart etter kvart lagt ned, men produserte undervegs fleire suksessrike verk.[1]

Då den 25 år gamle Mozart kom til Wien for å søke arbeid, var noko det første han gjorde å prøve å verte kjend med inspektøren i Nationalsingspiel, Gottlieb Stephanie,[2] for å få ei bestilling på ein opera hos han.

Mozart fekk librettoen frå Stephanie den 29. juli 1781. Han hadde hatt få høve til å komponere gjennom sommaren og sette i gang arbeidet med operaen i eit høgt tempo og gjorde ferdig tre store nummber på berre to dagar. Komponeringa tok etter kvart fleire månader og premieren fann stad den 16. juli 1782 ved Burgtheater i Wien.

Operaen vart ein stor suksess, og dei to første framsyningane førte inn den store summen på 1200 florinar, tre gonger det Mozart hadde fått for den gamle jobben sin i Salzburg.[3] Verket vart framført fleire gonger i Wien i levetida til Mozart og gjennom det tysktalande Europa. Sjølv om Mozart fekk eit godt rykte i Wien etter operaen gjorde det han ikkje rik, sidan han ikkje fekk honorar frå seinare framsyningar.[4]

Operaen nådde Paris i november 1801. Operaen vert framleis mykje spelt i dag og det finst over 50 innspelingar av operaen.

Remove ads

Roller

Meir informasjon Rolle, Stemme ...
Remove ads

Instrumentering

Songarane syng med eit klassisk orkester, i lag med instrumenta ein trong for «tyrkisk» musikk: basstromme, cymbalar, triangel og piccolo. Utan om desse bestod orkesteret av par av fløyter, oboar, klarinettar, fagottar, valthorn, trompetar, to sett med pauker og strykarar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads