Dieter Eilts

tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dieter Eilts (fødd 13. desember 1964) er ein tysk tidlegare fortballspelar frå Uptgang-Schott, som frå debuten med Werder Bremen i 1985 til han la opp i 2002, oftast opererte frå ei defensiv midtbanerolle i den nordtyske toppklubben. Han vart europameister 1996 med det tyske landslaget og feira i tida 1991-99 triumfar med Werder både i cupvinnarcupen, bundesligaen og den nasjonale fotballcupen.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fødd ...
Remove ads

Klubbspel

Med det sterke Werder-laget vart Eilts i 1991 tysk cupmeister, etter ein finalekamp der han gav Werder leiinga 1-0 før FC Köln utlikna til 1-1- og det måtte straffeskyting til for å avgjere kven som skulle få DFB-pokalen. Werder vann pokalen med fire fulltreffarar mot tre og var dermed klar for neste sesongs cupvinnarcup. Den 6. mai 1992 vann Werder og Eilts 2-0 over AS Monaco i cupvinnarcupfinalen i Lisboa. I den etterfylgjande 1992/93-sesongen gjekk Werder heilt til topps i den tyske seriemeisterskapen, eitt poeng framfor Bayern München. Både våren 1994 og fem år seinare var Eilts med å vinne den tyske cupfinalen i fotball, i 1994 med 3-1 over Rot-Weiss Essen og i 1999 etter straffeskyting mot Bayern München. I finalen mot Bayern utlikna han som lagkaptein og niande ordinære straffeskytar til 4-4, lagkameraten, målvakta Frank Rost syrgde deretter for Werder-siger etter fyrst å ha skåra mot Bayern-målvakt Oliver Kahn og så stoppa Lothar Matthäus sitt påfylgjande forsøk for Bayern.

Eilts spelte 390 seriekampar for Werder og skåra einast sju seriemål.

Remove ads

Landslagsspel

Eilts landslagsdebuterte mot USA i Palo Alto i desember 1993 og spelte sin 31. og siste landskamp i Kiev mot Ukraina i juni 1997, utan nokon gong å kome på skåringslista. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1994. Derimot var han i 1996 med på det tyske laget som vann europameisterskapen i England på såkalla «golden goal» mot Tsjekkia.

Merittar

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1992 med Werder Bremen
  • Bundesligameister: 1993 med Werder Bremen
  • Tysk cupmeister: 1991, 1994 og 1999 med Werder Bremen

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads