Distriktet Bülach
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bülach er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nord i kantonen, og har grense til Tyskland i nord, og til ein enklave av kantonen Schaffhausen i nordaust. Bülach hadde 131 692 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 185 km². Byen Bülach, som ligg sentralt i distriktet, er hovudstad.
Distriktet omfattar av 22 kommunar. Fem kommunar har meir enn 10 000 innbyggarar, det er Kloten, Bülach, Opfikon, Wallisellen og Bassersdorf. Dei andre kommunane er Bachenbülach, Dietlikon, Eglisau, Embrach, Freienstein-Teufen, Glattfelden, Hochfelden, Höri, Hüntwangen, Lufingen, Nürensdorf, Oberembrach, Rafz, Rorbas, Wasterkingen, Wil og Winkel.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads