Distriktet Delémont
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Delémont er eitt av tre distrikt i kantonen Jura i Sveits. Distriktet hadde 36 031 innbyggarar i 2010, og dekker eit areal på 303 km². Distriktet har namn etter hovudstaden Delémont. Delémont grensar til Frankrike og kantonane Basel-Landschaft og Solothurn i nord, og til kantonen Bern i sør.
Distriktet Delémont omfattar 28 kommunar. Omframt hovudstaden er kommunen Bassecourt den einaste som har meir enn 3 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bassecourt, Boécourt, Bourrignon, Châtillon, Corban, Courchapoix, Courfaivre, Courrendlin, Courroux, Courtételle, Develier, Ederswiler, Glovelier, Mervelier, Mettembert, Montsevelier, Movelier, Pleigne, Rebeuvelier, Rossemaison, Saulcy, Soulce, Soyhières, Undervelier, Vellerat, Vermes og Vicques.
Heile distriktet er franskspråkleg, med unnatak for den vesle kommunen Ederswil, der tysk er talemål.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Delémont District» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads