Distriktet Moesa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Distriktet Moesa er eit distrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet, som har namn etter elva Moësa, ligg heilt sørvest i kantonen og grensar i aust og sør mot Italia, i vest mot kantonen Ticino. Geografisk er det dei to dalane Val Calanca og Val Mesolcina som utgjer distriktet Moesa. Distriktet dekker eit areal på 496 km² og hadde 7 863 innbyggjarar i 2010. Italiensk er offisielt skriftspråk i distriktet.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Moesa består av tre krinsar (italiensk; circolo') og 17 kommunar (italiensk; comune). Roveredo og Mesocco er dei to einaste kommunane med over 1 000 innbyggjarar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Moesa (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 4. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads