Don’t Bother Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don’t Bother Me» er den første songen skrive av George Harrison. Han vart gjeve ut på albumet With the Beatles av The Beatles i 1963.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

So go away, leave me alone, don’t bother me.
I can’t believe that she would leave me on my own.

George Harrison
Don’t Bother Me (1963)

Harrison skreiv songen medan han låg sjuk på eit hotellrom i Bournemouth i England, der Beatles spelte nokre konsertar sommaren 1963. Harrison har sjølv aldri tykt så mykje som songen og såg på songen som eit eksperiment for å sjå om han kunne skrive ein song.

Den mørke stemninga og ulukkelege teksten, «So go away, leave me alone, don’t bother me», var uvanleg for The Beatles på denne tida, men skulle kome til å verte karakteristisk for Harrison. Songen er stort sett i moll og har eit tjukt lydbilete med doble vokalspor, gitarar med mykje klang og livlege trommer. Rytmen er ein latinsk rytme med ein stop-time-struktur.

Remove ads

Medverkande

Personell per Ian MacDonald[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads