Don't Cry Daddy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't Cry Daddy» er ein song skriven av Mac Davis og spelt inn av Elvis Presley i 1969.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Songen vart skriven av Scott Davis (òg kjend som Mac Davis) og spelt inn av Elvis Presley den 15. og 21. januar 1969. Songen vart gjeven ut på singel. Rytmesporet vart spelt inn 15. januar og vokalen til Elvis lagt på den 21. januar. Somme spekulerer i om songen vart laga som ei trøyst til faren til Elvis som vart enkemann då kona døydde i 1958. Songen nådde sjetteplassen på den amerikanske singellista[1] og åttandeplassen i Storbritannia.

Det vart teke konsertopptak av songen i andre sesongen i Las Vegas i februar 1970, og fleire av desse er gjevne ut. Middagskonserten den 13. august 1970 ved International Hotel spelte han inn ein versjon som glir rett inn i «In the Ghetto».

Remove ads

Duett

I 1997 laga Lisa Marie Presley ein video av «Don't Cry Daddy», der ho syng songen som ein duett med faren. Videoen vart presentert 16. august 1997, på ein konsert som markerte at det var 20 år sidan Elvis døydde. Videoen nyttar originalvokalen til Elvis, med nyinnspelt akkomapgnement og vokalen til Lisa Marie. Innspelinga var ikkje for kommersielt bruk. Songen skapte fornya interesse i Lisa Marie som plateartist, og synte ein slørete klang i røysta hennar.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads