Doolin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Doolin
Remove ads

Doolin (irsk Dúlainn) er ein landsby ved atlanterhavskysten i County Clare i Irland. Nabobyen er Lisdoonvarna. Doolin er eit velkjent senter for irsk folkemusikk, med konsertar kvar kveld i pubane her.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I området rundt landsbyen finst fleire stader av arkeologisk interesse, mange kan daterast tilbake til jernalderen og tidlegare. Borgene Doonagore Castle og Ballinalacken Castle ligg også i området.

Doolin er ein av tre stader som har ferjesamband med Aranøyane, dei to andre er Galway og landsbyen Rossaveal på nordsida av Galwaybukta. Øyane er synlege frå Doolin. Moherklippene ligg også i nærleiken. Doolin ligg i det sørvestlege hjørnet av Burren-området.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads