Dork

samisk innerpels av rein- eller saueskinn From Wikipedia, the free encyclopedia

Dork
Remove ads

Dork (nordsamisk dorka) er eit samisk klesplagg av pels som ein typisk bruker innanfor andre klede, hovudsakleg om vinteren. Han skil seg frå pesk ved at hårsida vender inn mot kroppen. Han er kjend frå heile det nordsamiske området.

Thumb
Lulesamisk dork frå samlinga ved Árran lulesamisk senter.
Thumb
Carl von Linné i samisk drakt som kan vera ein dork.

Dorken er gjerne av saueskinn, men også av reinskinn. Han har som regel ein eller to splittar i halsen og oppståande krage. Kantane kan vera laga av anna skinn eller band. Elles har dorken lite pynt.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads