Dorogobuzj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dorogobuzj
Remove ads

Dorogobuzj (russisk Дорогобуж, polsk Dorohobuż) er ein historisk by i Smolensk oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Dnepr, 85 km aust for Smolensk.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Dorogobuzj og Dnjepr før revolusjonen i 1917.

Byen oppstod før den mongolske invasjonen av Russland som ei festning for å forsvare Smolensk mot åtak frå aust. I 1508 sende Vasilij III italienske meisterhandverkarar dit for å bygge eit trefort på staden. Byen vart plyndra under urotida og folkesetanden vart redusert til berre ti mann i 1614. Mellom 1611 og 1668 høyrte byen til det polsk-litauiske samveldet. Byen har seinare overlevd andre invasjoner og fleire brannar.

Remove ads

Attraksjonar

Stadane av størst historisk interesse ligg utanfor sjølve byen. Aleksino-godset frå 1700-talet var kjend for oppdrett av Orlov-hingstar. Boldinklosteret frå 1400-talet vart renovert av Godunovfamilien på slutten av 1500-talet. Godunovene førte opp ein femkupla katedral, eit refektorium med spir og eit søyleliknande klokketårn på staden. I følgje Peter Baranovskij representerte klosteret det best bevarte 1500-tals klosterkomplekset i Aust-Europa. Klosteret vart sprengd under tilbaketrekkinga til tyskarane i 1943, men er vorte delvis gjenoppbygd på 1990-talet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads