Dorthe Skappel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Anna Dorothea Riseng Skappel, kjend som Dorthe Skappel (fødd 18. desember 1962) er ein norsk journalist, programleiar og tidlegare modell. Ho er best kjend for å leie TV2 sitt underhaldningsmagasin God kveld, Norge.

Kjappe fakta

Ho kjem frå ein familie kor mange av familiemedlemmane har helde på med ulike former for kunst eller underhaldning. Sjølv spelte Dorthe teater då ho var lita.

Etter å ha vore internasjonal modell i fleire år, sende ho inn ein video av seg sjølv til fjernsynskanalane for å kome på fjernsyn. Ho fekk først jobb i TVNorge, før ho kom til TV 2 på midten av 1990-talet.

I 2007 deltok ho i TV-programmet IsdansTV 2, og kom på fjerdeplass. 4. mai 2007 blei Skappel utsett for eit uhell då ho fall med hovudet og ansiktet i isen under ein generalprøve. Ho blei send til sjukehus kraftig forslått, men hadde ikkje pådratt seg alvorleg skade.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads