Lansenebb

kolibrislekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Lansenebb
Remove ads

Lansenebb er ei biologisk slekt Doryfera av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde langs austsida av Andesfjella, i Costa Rica, Panama, og Tepui-området. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».

Kjappe fakta

Namnet Doryfera er frå gresk: Dory «spyd», fera «bere».[1]

Saman med slektene Schistes og Colibri dannar Doryfera ei klår monofyletisk gruppe.[2]

Remove ads

Skildring

Eit uvanleg langt og tynnt, rettpeikande eller svakt oppbøygd nebb er det mest slåande trekket ved utsjånaden for lansenebb. Dei har ein tendens til å halde nebbet oppreist. Fjørdrakta er gjennomgåande mørk, halen er relativt kort og avrunda. Dei lever i skråninga av fjellkjeder og i lågare subtropisk skog, gjerne nær rennande vatn.[3] Kroppsstorleikar ligg mellom 9 og 13 centimeter inkludert 25-34 mm langt nebb. Grønpannelansenebb er marginalt større enn blåpannelansenebb. Begge artane har dels overlappande leveområde langs Andes der begge kan treffast i same habitat. I Ecuador finst grønpannelansenebb i høgste høgder og kan treffast lengre vest enn blåpannelansenebb.[3]

Reiret til desse artane er hengt opp inne i grotter, eller under fjelloverheng, festa til røter eller liknande.[4] Grønpannelansenebb kan konstruere reiret under bruer eller tak der dei finn feste i til dømes hengande kablar.[5] Som hos andre kolibriartar er det hoa aleine som gjer byggearbeidet, rugar og syter for ungane.

IUCN har kategorisert begge artar som livskraftige artar (LC).[6]

Remove ads

Artslista

Lansenebb i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[7] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[8] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[9]

  • Grønpannelansenebb, Doryfera ludovicae, Green-fronted lancebill, (Bourcier & Mulsant, 1847), (LC)
Lever hovudsakleg i høgder frå 1000 til 2500 moh. med variasjonar både under og over i delar av utbreiingsområdet som er Costa Rica og Panama, samt frå vestlegaste Venezuela, nær samanhengande langs Andesfjella til nordvestre Bolivia.[5]
  • Blåpannelansenebb, Doryfera johannae, Blue-fronted lancebill, (Bourcier, 1847), (LC)
Ein underart i Tepui-området i sørlege Venezuela og litt inn i Brasil og Guiana, (280-2000 moh.) nominatforma lever langs austsida av austlege Andesfjella frå sentrale Colombia sørover til Madre de Dios-regionen i Peru (400-1600 moh.)[4]
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads