Dosent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein dosent er ei lærarstilling som fanst ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane i Noreg fram til 1985. Skilnadane mellom ein dosent og ein professor var vanlegvis i at ein professor måtte dokumentere større breidd og meir omfattande vitskapleg produksjon enn dosenten. Frå 1985 fekk alle dosentar i Noreg tittelen professor.
I dag blir dosenttittelen i Noreg berre brukt ved somme universitet med lærarutdanning og dei statlege høgskulane, særleg dei tidlegare distriktshøgskulane (høgskuledosent). Danmark hadde same ordning som Noreg hadde før 1985. I Sverige vert vert tilsvarande stilling dels kalla dosent, og dels biträdande professor, medan stillinga i USA vert kalla associate professor.
Remove ads
Kjelder
- Dosent: akademisk tittel. (2013, 28. oktober). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads