Drake-likninga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Drake-likninga er ei enkel matematisk likning innanfor astrobiologien og leitinga etter utanomjordisk intelligens (SETI-prosjektet). Ho vart formulert av astrofysikaren Frank Drake i 1960, og har som mål å syna kor mange intelligente sivilisasjonar med radioteknologi som finst i Mjølkevegen til ein kvar tid.

Likninga

Drake-likninga er ei relativt enkel likning, som går ut på multiplikasjonen av ei rekkje variablar:

  • er kor mange intelligente sivilisasjonar som eksisterer.
  • står for raten for kor ofte nye stjerner vert danna.
  • er den luten av stjernene som har planetar.
  • står for luten av planetar som potensielt kan utvikla liv per stjerne med planetar.
  • er luten av desse planetane som faktisk utviklar liv på eit eller anna tidspunkt.
  • er den luten av planetar med liv som utviklar intelligent liv.
  • er luten av sivilisasjonar som utviklar teknologi som let seg registrera frå rommet, det vil seie radiosignal eller liknande.
  • er lengda på tidsrommet desse sivilisasjonane sender signal ut i rommet.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads