Dreadlocks
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dreadlocks (av engelsk: dread, ‘frykt’ og locks, ‘lokkar’) er ein frisyre der håret blir delt opp i samanfiltra lokkar. Anten oppstår desse naturleg, ved at ein lèt vera å stella håret, eller dei kan skapast gjennom filting av håret. Dreadlocks er forbunde med rastafarianisme, og har eksistert i mange ulike kulturar oppgjennom historia. Det er den eldste frisyren ein kjenner til.

Remove ads
Historie
Dei eldste skriftlege kjeldene om dreadlocks finst i Vedaene, datert til perioden mellom 2500 f.Kr.–500 f.Kr.. Guden Shiva blir skildra som jaTaa, som betyr ‘berar av dreia hårlokkar’. Vedaene er dei eldste tekstane i hinduismen, og har påverka buddhismen, djainismen og andre religionar og samfunn. Ifølgje romerske kjelder bar keltarane dreadlocks, skildra som «hårliknande slangar».
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
