Duett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein duett er ein musikalsk komposisjon eller stykke for to utøvarar, eller ei framføring av eit slikt stykke. Ordet kjem frå italienske due, 'to'.[1]

Ein duett kan framførast anten berre av to musikarar eller av to solistar akkompagnert av ein eller fleire musikarar. Ein duett kan framførast av både instrument og song. Omgrepet vert likevel mest nytta når to personar syng saman.
Remove ads
Opera
Duettar har alltid vore ein viktig del av strukturen til ein opera. Tidlege verk frå 1500-talet som L'Orfeo og L'incoronazione di Poppea har duettar gjennom heile stykket. I Italia på 1600-talet blei duettar ofte nytta i komiske scener inannfor seriøse verk. I Frankrike i barokken var duettar utbreidde i tragediar, til dømes i songar om hemn og konfrontasjon. Kjærleiksduetten blei kjenneteikna av synging i tett harmoni som symboliserte eining etter konflikt.[2]
Remove ads
Døme på duettar
- Julesongen «Fairytale of New York» med The Pogues der vokalisten i bandet Shane MacGowan syng duett med Kirsty MacColl
- «Don't Give Up» av Peter Gabriel og Kate Bush
- Songen «Where the Wild Roses Grow» med Nick Cave og Kylie Minogue frå albumet Murder Ballads utgitt av Nick Cave & the Bad Seeds
- Simon & Garfunkel var ein duo som framførte duettar som til dømes «The Boxer»
- Tom Jones gav i 1999 ut albumet Reload, eit album som berre består av duettar mellom han og diverse andre artistar.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
