Sarothrura
fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sarothrura er ei biologisk slekt av ni artar små rikseliknande fuglar med fellesnamnet dunrikse på norsk. Fellesnamnet er avleidd frå utsjånaden på den korte halen, han har degraderte, lette, dunaktige fjører. Slekta er avgrensa til sju artar fordelt på Afrika sør for Sahara, og to artar funne på Madagaskar.
Remove ads
Skildring
Dunrikser er mykje skye og sjeldan observerte. To artar, skogdunrikse og prikkdunrikse, har habitat i tett skog, er dei attverande artane som finst på grassletter og myrar. Ein art, pildunrikse, er kjent for å vere trekkfugl, det er usikkert om dette kan gjelde andre artar òg. Alle artar unntatt prikkdunrikse syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, men ikkje i storleik. For mange dunrikseartar har ein ikkje observert hekkeåtferda, men somme artar hekkar i regntida. Alle artane er svært vokale i hekkesesongen, med repertoar som inkluderer duettar. Åtferda ved kurtise hos gassardunriksa består av duettvokalisering, reirbygging av hannen, vitjing av hofuglar og paring. Reira er overbygde, og hos gassardunrikse er det plassert høgt over bakken i klatreplantar, kvitvengdunrikse legg reiret i siv over vassmetta jord. Egga av artar som er studert er kvite, noko som er uvanleg for rikser. Ungane er dekt av svart dun ved klekking og har litt farge på nebbet, hos dei fleste artane får dei raskt utvikla moden fjørdrakt. Begge foreldra gjev omsut for ungane.
To artar er i dag rekna som truga av IUCN, det er kvitvengdunrikse[1] og brundunrikse.[2] Begge taper habitat som følgje av drenering av våtmarker for jorddyrking.
Remove ads
Taksonomi og artar
Med referanse til Hackett et al, 2008[3] har IOC World Bird List på nettstaden WorldBirdNames.org rangert slekta som einaste slekt i sin eigen familie Sarothruridae. [4] Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8.[5]
Dunrikser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]
- Prikkdunrikse, Sarothrura pulchra, White-spotted Flufftail, LC, Gray, 1829
- Skogdunrikse, Sarothrura elegans, Buff-spotted Flufftail, LC, Smith, 1839
- Rustdunrikse, Sarothrura rufa, Red-chested Flufftail, LC, Vieillot, 1819
- Sørgjedunrikse, Sarothrura lugens, Chestnut-headed Flufftail, LC, Böhm, 1884
- Pildunrikse, Sarothrura boehmi, Streaky-breasted Flufftail, LC, Reichenow, 1900
- Stripedunrikse, Sarothrura affinis, Striped Flufftail, LC, Smith, 1828
- Gassardunrikse, Sarothrura insularis, Madagascar Flufftail, LC, Sharpe, 1870
- Kvitvengdunrikse, Sarothrura ayresi, White-winged Flufftail, CR, Gurney, 1877
- Brundunrikse, Sarothrura watersi, Slender-billed Flufftail, EN, Bartlett, 1879
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads