Dvergsnipe
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dvergsnipe er ein fugleart i snipefamilien.
Remove ads
Utsjånad

Foto: Lip Kee Yap
Dvergsnipa vert 14 cm lang, med eit vengespenn på 34-37 cm, og har ein mørk, tynn nebb og mørke føter. Raske rørsler skil arten frå andre vadarar, unnateke dei andre artane i slekta Calidris med mørke føter. Dei hekkende vaksne har eit oransjeaktig bryst, ein kvit hals og ein tydeleg kvit v på ryggen. I vinterdrakt er identifisering vanskelegare.
Remove ads
Utbreiing
Arten hekkar ved kysten og innsjøar i arktiske område i Asia og Europa. Talet på fuglar avheng av populasjonen av lemen. I dårlege lemenår tek «rovfuglar» som jo og snøugle hekkande arktiske vadarar i staden.
Hekking
Fuglane legg reiret med 3-5 egg på marka. Dvergsnipa er polygam, og hannen og hoa kan ha separate kull.
Føde
Fuglane et små virvellause dyr som dei finn på mudderbankar.
Trekktilhøve
Dvergsnipa er ein trekkfugl som flyg til Afrika og det sørlege Asia. Om vinteren og på trekket lever dvergsnipene i flokkar saman med andre artar i same slekta, spesielt myrsnipe.
Galleri
- Dvergsnipeegg
- Film av dvergsnipe
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads