Dyst

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dyst
Remove ads

Dyst er ei tevling mellom riddarar med lanse og hest.

Thumb
Framstilling av dyst i manuskriptet Codex Manesse

Dyst i mellomalderen

Dyst var ei av mange former for idrett knytt til kamp i mellomalderen. Dyst i mellomalderen var ein farleg idrett, og det hende at utøvarar døydde. Til dømes døydde Henrik den andre av Frankrike då motstandaren si lanse splintra i visiret på hjelmen hans. Kongen vart blind og døydde av skadane. Dyst var eit seint tilskot til riddarturneringer.

Moderne dyst

Moderne dyst er ein ung sport som ikkje har standariserte reglar. Tryggleiksreglane kan variere, og utøvarane må sette seg inn i dei ved kvar tevling. Ved nokre høve rir ryttarane fullkontakt mot kvarandre. Tuppen på lansa kan vere laga av balsatre for at han skal knekke, så ingen skal kome til skade. Knekt tupp på lansa markerer treff. Ved tevlingar i dyst i våre dagar, er det vanlegvis ikkje meininga å slå motstandaren av hesten.

Remove ads

Anna

Dyst har sett spor etter seg i språket; til dømes er klar til dyst eit ikkje uvanleg uttrykk.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dyst
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads