Edgard Varèse

fransk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Edgard Varèse
Remove ads

Edgard Victor Achille Charles Varèse (22. november 18836. november 1965) ofte kjend som Edgar Varése, var ein fransk-amerikansk moderne komponist. Han etterlét seg eit mindre verk (til saman rundt tre timar), men er blitt rekna blant dei viktigaste komponistane frå 1900-talet, og er blitt rekna som ein opphavsmann til elektronisk musikk.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Varèse sin musikk vektlegg rytme og klangfarge. Han tok for alvor i bruk støylydar og gav dei ei sentral plassering i verka sine. På denne måten førebudde han bruken av dei nye elektroniske instrumenta i den klassiske musikken. Varese såg på musikk som organisert lyd, der alle lydar kunne nyttast i komposisjonsprosessen. Rytmikken blei det viktigaste elementet i musikken, og slagverksfamilien har ein sentral plass. Dette kjem særleg fram i det mest kjente verket hans, Ionisation (1931). Orkesteret han nyttar i denne komposisjonen, består av 13 musikarar som alle spelar ulike slagverksinstrument, til saman 37 instrument, i tillegg til to sirener.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Edgard Varèse
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Edgard Varèse
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads