Eide på Nordmøre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eide på Nordmøre
Remove ads

Eide er ein tettstad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Staden var tidlegare administrasjonssenteret i tidlegare Eide kommune. Tettstaden ligg på nordsida av Isingvågen i Kornstadfjorden og har 1 496 innbyggjarar per 1. januar 2024. Han var den einaste tettstaden i Eide kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Tettstaden har grunnskole, barnehage, daglegvarebutikk og psykiatrisk bu- og behandlingssenter. På Eide står Eide kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1871. Ved tettstaden er det steinbrot og steinindustri.[1]

Fylkesveg 64 frå Molde til Kristiansund gjev kortaste veg frå Eide til begge byane. Eide har også gode bussamband til både Molde og Kristiansund. Frå tettstaden fører fylkesveg 279 langs Kvernesfjorden austover til E39 i Gjemnes kommune.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads