Eidsfjorden i Lebesby

fjord i Lebesby kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

70°49′37.528″N 27°26′23.021″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Eidsfjorden (nordsamisk Oarjjit Nuorevuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden på sørsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 15 km søraustover til Hopseidet i botn av fjorden. Hopseidet er eit om lag 500 meter breitt eid som går over til botn av Hopsfjorden, ein fjordarm av Tanafjorden.

Fjorden har innløp mellom Kifjordneset i nord og Ersneset i sør. Vest for Kifjordneset går Kifjorden nordover. Dei einaste busetnadane ved fjorden er garden Nordmannset på nordsida i den ytre delen og ved Hopseidet i botn av fjorden.

Riksveg 888 går langs den indre delen av fjorden.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads