Eidsfossen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eidsfossenmap
Remove ads

Eidsfossen er ein foss i Gloppeelva aust på garden Eide i Gloppen kommune i Vestland. Fossen er ein kaskadefoss med eit fall på 32 meter. På grunn av den store vassføringa i elva er fossen eit tydeleg landemerke i kommunen, og er merkt som sjåverdig på kartet i vegboka til Norges Automobil-Forbund og av Statens vegvesen. Vassføringa er på sitt største mellom april og juli.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Fossen blei bygd ut med elvekraftverk av Gloppen Energiverk (GEV) i 1917, og sidan 2000 driftet av Sogn og Fjordane energi (SFE). Kraftverket, Eidsfoss kraftverk, blei sist oppgradert i 2008.

Thumb
Laksetrappa i Eidsfossen.
Remove ads

Laksetrapp

Ved fossen er det bygd ei laksetrapp som skal hjelpa laksen å vandre frå Gloppefjorden til Breimsvatnet. Området rundt trappa er tilrettelagd for publikum med bruer og rekkverk.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads