Eigersund kommune

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eigersund kommunemap
Remove ads

Eigersund kommune ligg i Dalane i Rogaland fylke og grensar i vest til , i aust til Sokndal og Lund og i nord til Bjerkreim og til Sirdal i Vest-Agder. Kommunen har sine noverande grenser frå 1965 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Egersund, Eigersund, Helleland og delar av Heskestad.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Administrerande senter i kommunen er byen Egersund. Lokalavisa er Dalane Tidende, som òg dekkjer tre dei andre kommunane i regionen.

Remove ads

Geografi

Thumb
Egersund sentrum

Eigersund utgjer fastlandet og den busette øya Eigerøy. Ved kysten er det lågland med snaue og avrunda berg med lite vegetasjon, utanom kring kommunesenteret Egersund og tettstadene Hellvik og Helleland, der Egersund treplantingsselskap har drive og planta tre i over 100 år. Lenger inn i landet er det meir frodig med ein del skog i dalane. Her er landskapet bratt og i nordaust finst det høgder på 650850 moh. I sørvest er toppane lågare og ligg på kring 250350 moh. Det høgste fjellet i kommunen er Store Skykula (906 m) nord for Gyadalen. I området nært Egersund ligg høgdene på rundt 100 moh.

Sørvest for Egersund, utanfor Eigerøy, ligg det eit såkalla amfidromisk punkt, dvs. eit nullpunkt i havet i høve tidvatnet. Tidvatn frå to ulike retningar, den engelske kanalen og nord for Skottland, treffes her og nøytraliserer kvarandre. Resultatet er at det ikkje er forskjell på flo og fjære i Egersund. Langs kysten av Vestlandet og Sørlandet er det på grunn av dette nullpunktet heller ikkje store forskjellar i tidvatnet.

Remove ads

Samferdsle

Thumb
Eigerøy bru inngår i Rv502 og bind Eigerøya til fastlandet

Egersund er eit viktig trafikknutepunkt. Her møtest fleire viktige riksvegar, Fv44 Stavanger-Flekkefjord og Fv42 Arendal–Egersund; Rv502 til Eigerøya. E 39 passerer Eigersund 10 km nordvest for kommunesenteret. Sørlandsbanen går gjennom kommunen; Egersund stasjon ligg like nord for bysenteret. Anløp av kystruteskip, og ferjesamband til Danmark .


Remove ads

Kommunenamn og -våpen

Namnet Eigersund kjem av norrønt språk Eikundarsund, sundet mellom eiketre. Ein person frå Eigersund vert kalla for eigersundar.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1972. Motivet er på grøn botn eit opprett eikeblad og står som symbol for utbreiinga eika har i kommunen.

Kjente folk frå Eigersund

Bakgrunnsstoff

58°27′8.5″N 6°0′11.2″E


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads