Eikeren
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eikeren eller Eikern er ein lang og djup innsjø i kommunane Holmestrand i Vestfold fylke og Øvre Eiker i Buskerud fylke. Han er den største innsjøen i Vestfold (om ein reknar med delen som ligg i Buskerud).
Ved den austlege delen i Vestfold ligg tettstaden Eidsfoss. I denne delen strøymer vatn inn frå Bergsvann, Vikevann, Haugestadvann og Hillestadvann. Eikeren får òg vatn frå Hakavikelva og Steinbruelva.
I den vestlege delen heng Eikeren saman med Fiskumvannet i eit trongt sund, Sundet, der vatnet renn over i Fiskumvannet. Gjennom dette sundet passerer det eit volum på gjennomsnittleg 7 m3 per sekund. Frå Fiskumvannet renn vatnet ut i Vestfosselva mot Vestfossen. Elva går så vidare til Hokksund, der ho deler seg i to elveløp som begge renn ut i Drammenselva.
I 2005 vart Eikeren opna av Vestfold Interkommunale Vannverk, VIV, som ekstra drikkevasskjelde for Vestfold.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Meir om Eikeren
- Utdjupande om Eikeren Arkivert 2005-09-04 ved Wayback Machine.
- Vestfold Interkommunale Vannverk
Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads