Eilidh Doyle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eilidh Child, gift Doyle, (fødd 20. februar 1987) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som i 2014 vart europameister på 400 meter hekk og i 2016 i 4 x 400 meter stafett.
Child var med på det britiske laget som i 2012 kom på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under dei olympiske leikane i London. Året etter vart ho nummer 5 på 400 meter hekk ved VM i friidrett 2013 i Moskva, før ho sprang startetappen for Storbritannia sitt bronsemannskap i 4 x 400 m stafett i den same meisterskapen. I EM i friidrett 2014 i Zürich vann Child gullmedaljen på 400 m hekk og ho fekk ein ny bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Også under VM i friidrett 2015 i Beijing la Storbritannia og Child beslag på bronseplassen i 4 x 400 m stafett, berre dagar etter ho vart nummer 6 på 400 m hekk.
Som Eilidh Doyle tok ho seg av den tredje etappen då Storbritannia sigra i 4 x 400 meter stafett då EM i friidrett 2016 vart avvikla i Amsterdam. Seks veker seinare vann ho ein olympisk bronsemedalje med Storbritannia under Sommar-OL i Rio de Janeiro. I Friidretts-VM 2017 i London sprang det britiske mannskapet, med Child på tredjeetappen, inn til sølv i 4 x 400 m stafett. Ved EM i friidrett 2018 i Berlin var Doyle ankerkvinne då Storbritannia enno ein gong enda opp med bronse i 4 x 400 m stafett.
Doyle sette livsbeste 54,09 sekund på 400 meter hekk i eit stemne i Monaco i 2016, på 400 meter sprang ho som best 51,83 sekund i 2013.
Remove ads
Kjelder
- Eilidh DOYLE | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Eilidh Doyle» frå Wikipedia på tysk, den 21. august 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads