Einar Lexow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Einar Lexow
Remove ads

Einar Jacob Knuthinge Lexow (22. oktober 188727. oktober 1948) var ein norsk kunsthistorikar og museumsmann, fødd i Sarpsborg.

Kjappe fakta

Doktersonen Lexow tok examen artium i 1906. Sidan studerte han kunst på Universitetet i Kristiania under kunsthistorikaren Lorentz Dietrichson.

I tida 1901-12 var Lexow amanuensis ved Kunstindustrimuseet i Kristiania. År 1912 fekk han jobb som konservator ved den kulturhistorisk avdelinga til Bergens Museum. Tida 1919-31 var han også inspektør ved Håkonshallen. Etter tjue år på Bergens Museum tok han i 1932 over direktørstillinga ved Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Lexow vart dr.philos. i 1923 på avhandlinga Hovedlinjene i entrelac-ornamentikkens historie. Han skreiv fleire bøker om både kunst og fortidsminne, der særleg oversynsverka nådde eit større publikum. Gjennom mange år var han formann i Bergens-avdelinga av Fortidsminneforeningen, og hadde elles ei rad med tillitsverv innanfor fagfeltet sitt.

Remove ads

Blibliografi i utval

  • Joh. F.L. Dreiers norske folkedragter'. 1913.
  • Stilfølelse og stilformer. 1915
  • Norges kunst. 1926
  • Haakonshallen. 1929
  • Bergen, fortidsminder og kunstverker. 1930
  • Norske glassmalerier fra laugstiden. 1938

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads